Gå til sidens hovedinnhold

15 nye personar smitta av korona

Det melder helseføretaket på heimesida si.

Torsdag analyserte Helse Førde 396 koronaprøver. Av desse var 15 positive.

Prøvetakingskommunane for dei positive prøvene er Sogndal, Stad, Vik og Årdal.

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Kommunane i Helse Førde sitt område vel sjølv kvar dei ønskjer å sende koronaprøver som dei har tatt. Dermed kan prøvene bli analyserte i andre laboratorium enn ved Førde sentralsjukehus. Dette er såleis ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde, men berre resultat frå dei prøvene som er analysert der.

Les også

Person i Sunnfjord smitta etter reise i fylket

Les også

Slik blir studiestarten: – Vi er vande med å ha plan A, B og C

Kommentarer til denne saken