15 personer skal være sperra inne.
Det melde NRK klokka 20.48 torsdag kveld. Politiet fekk melding om raset nesten halvannan time før, klokka 19.30.
Operasjonsleiar Eirik Loftesnes seier til Firda at det ikkje er nokon som er tekne av raset.
– Kommunen er varsla og har snakka med dei 15 registrerte busette på Menes, alle er gjort greie for. Dei vil bli følgt opp av kommunen framover. Det er ikkje meldt om skade, og innringar var sikker på at ingen var tekne av raset, fortel Loftesnes.
Raset skal vere 1 meter høgt og mellom 20 og 30 meter breitt.
– Vegtrafikksentralen har sendt entreprenør og geolog til staden, men det er vanskeleg å vurdere om ein kan byrje ryddinga på grunn av mørket, seier Loftesnes.
Vegen blir difor stengd til i morgon tidleg. Ei ny vurdering vil bli teken klokka 09.00.

Oppjusterer uvêrsvarselet – og Førde ligg midt i den verste sona
