15 års dugnad bak stølsbok

VEL NØGDE: Rannveig Tveit Kirkebø og Berit Gjerland med smussomslaget til boka "Stølane i Førde".

VEL NØGDE: Rannveig Tveit Kirkebø og Berit Gjerland med smussomslaget til boka "Stølane i Førde". Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Med boka «Stølane i Førde» ser Rannveig Tveit Kirkebø at ein 15 års jobb er ferdig. – Det har vore eit kolossalt dugnadsarbeid, seier Berit Gjerland.

DEL

Dei to har i kvar sine periodar vore drivkreftene som har drive framover arbeidet med stølsboka. I haust kjem resultatet: Ei 608 siders bok med brei omtale av kvar einaste støl på kvart einaste gardsbruk i heile Førde kommune. I tillegg kjem ti fagartiklar om forskjellige sider ved stølslivet. Det som ikkje står om stølslivet i Førde i denne boka, det er ikkje verdt å vite.

– Eg er veldig glad for at det har blitt ei så fin bok. Det handlar ikkje berre om stølane, men og om kulturhistorie og landskap i heile kommunen gjennom tekst og hundrevis av eldre og nyare foto og flyfoto, seier Gjerland.

– Det begynte sommaren 2000, då eg sat som leiar i Førde sogenemnd. Vi sende ut eit spørjeskjema til alle gardane i Førde, der vi spurte etter opplysningar om stølsdrifta deira, fortel Rannveig Tveit Kirkebø.

Ho har interessert seg for lokalhistorie heile livet.

Etter ei stund vart sogenemnda nedlagt, til liks med andre kommunale nemnder.

I 2005 vart Førde Historielag skipa, og det tok ikkje lenge før Tveit Kirkebø kom til dei med det innsamla materialet, og lurte på om dei ville gjere prosjektet ferdig.

– Vi kvidde oss litt på det. Sjølv om her var mange opplysningar, såg vi og at det stod att veldig mykje arbeid før ein var i mål, seier Berit Gjerland, som er leiar i historielaget.

Imponert av forteljargleda

I 2009 kom det opp benkeforslag på årsmøtet i historielaget om at styret skulle sjå om det gjekk an å få boka ferdig.

– Då tenkte vi «OK, vi får sjå om vi kan gjere noko der», seier Gjerland, som har sete dei siste åra i redaksjonsnemnda for boka, saman med Atle Furevik og Arne Aasland.

– Det har vore eit kjempeløft, men no er vi glade for at vi tok det på oss og fekk berga så mykje om stølslivet. Eit stort tal enkeltpersonar har engasjert seg i arbeidet. Vi er imponerte over engasjementet og forteljargleda til folk på gardane.

Stølsboknemnda med Rannveig Tveit Kirkebø, Olaug Joleik Kirkebø, Olai Tefre, Lilly Grøneng og Atle Furevik arbeidde i tre år.

– Vi engasjerte og Judith Hegrenes, som samla inn endå meir opplysingar og skreiv tekstar til stølsomtalane, fortel Gjerland.

Kvar enkelt støl er via mellom to og åtte sider i boka.

– Når det gjeld stølane, var vi tidleg bestemte på å kople dei til gardane. Stølinga var ikkje noko separat fenomen, men ein grunnleggande del av gardsdrifta i mykje over tusen år.

– Har ein halde på med stølar i over tusen år?

Fann tusen år gamle stølar

– Gulatingslova, som er frå før år 1000, hadde reglar om støling og stølsvegar. Når det var nedfelt i lova, viser det at støling eksisterte, og at det var konfliktar knytt til den. I samband med boka har vi undersøkt stølstufter som viser seg å vere frå vikingtid og mellomalder.

100 sider med fagartiklar set støling i eit litt større perspektiv: 

– Mellom anna har vi ein artikkel skriven av ein geolog, om klima og skred, artiklar om byggeskikk og istandsetjing av stølshus, og om rovdyr med fokus på bjørn og ulv.

– Bjørn har her vore mykje av, skal ein dømme etter småhistoriene utover i boka?

Bjørnen var ei plage

– Sunnfjord var eitt av områda i Skandinavia med størst tettleik av bjørn, så det var noko stølsjentene måtte ta omsyn til, det var ein del av kvardagen. Vi har mange historier om at dei fekk bjørn på besøk, og måtte verje seg med neverloge. I delar av kommunen er det fjøsar som vart kalla bjørnaflorar, dei var solid tømra og bjørnesikre.

Det var ganske små ungar som vart sendt på stølen:

– Born fekk alt frå 8–9 årsalderen ansvar for stølsarbeid og gjeting. Til vern mot rovdyra sende dei ut gjetarungar. Det var born som gjette buskapen, for det heitte seg at bjørnen ikkje tok ungar og ungdommar.

– Men var det slik?

– Vi har ingen historier i vårt distrikt om at nokon i det heile tatt er tekne av bjørn. Når det gjeld bjørn var det nokre dødsfall på 1800-talet, men dei var knytt til bjørnejakt. Andre dødsfall veit ein ikkje om.

Mange jenter omkom

Stølslivet var farleg på andre måtar:

– Ein ting som slo meg då eg jobba med dette, er dei mange dødsfalla til unge jenter. Dei har drukna, gått seg utfor, omkomme i marka på ulike vis. Det har vore tankevekkande, det viser kor utsett jentene har vore, og kor mange som har jobba med stølinga. Dette er fortalt i rammetekstane utover i boka.

– Korleis er det, etter fleire års arbeid, å sitje med boka i handa?

– Det er heilt fantastisk! Boka har blitt så oversiktleg og fin som vi håpte på. Stølinga tok slutt for 50–60 år sidan. Eg glad for at vi fekk gjeve rom til dei mange minna om stølinga -frå dei som sjølve opplevde det. Og boka gjer det lett for oss i dag å finne fram til og besøke stølane.