Gå til sidens hovedinnhold

149 personar testa seg for korona torsdag

Torsdag analyserte laboratoriet ved Førde sentralsjukehus 149 koronaprøver. Av desse var det ingen som gav utslag på viruset, melder helseføretaket på sine sider.

Kommunane i Helse Førde kan sjølv velje kvar dei ønsker å sende prøver dei har tatt, og dei kan derfor bli analysert ved andre laboratorium. Tala er såleis ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde.