Gå til sidens hovedinnhold

137 prøver vart analyserte søndag

Ein person har avlagt positiv prøve.

Søndag vart det analysert 137 koronaprøver hos Helse Førde. Blant dei var ein prøve som gav utslag på koronaviruset.

Dette tilfelle tilhøyrer Stad kommune, som er råka av eit pågåande utbrot.

Dette er åttande dagen på rad at analysane til Helse Førde har vist positive koronaprøver. Til saman i veke 10 vart det analysert 2356 prøver. 34 av dei viste seg å vere positive.

Dei positive prøvene vart funnen både i Stad, Stryn, Sunnfjord, Luster og Årdal kommune.

Det er to personar som er innlagd ved Førde sentralsjukehus med stadfesta COVID-19 smitte.

Tala er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde, men berre ei liste over dei prøvene som er analysert hos helseføretaket.

Les også

Éin ny person har testa positivt i Stad

Les også

Åtte nye smitta i Stad

Les også

Stad kommune ventar svar på 288 koronaprøvar denne helga