– Heile Sande er utan vatn, seier teknisk vakt Dag Skilbreid i Sunnfjord kommune.

Han fortel at det er kring tusen personar som ikkje har vatn på Sande no i morgontimane.

Lekkasje

Meldingane om at vatnet var vekke byrja å ringe inn i 05-tida søndag morgon.

– Det er ein lekkasje ein eller annan stad, men framleis veit vi ikkje kvar feilen er, seier Skilbrei.

Jobbar på spreng

Brannvesen og alt tilgjengeleg mannskap frå teknisk drift er ifølge Skilbrei ute for å leite etter feilen.

– Vi jobbar på spreng, seier Skilbrei.

Firda.no kjem tilbake med meir