Brannvesenet, politiet og frivillige mannskap jobbar no med å handtere utsleppet ved hjelp av lenser.

Det seier vaktleiar Benedicte Svardal ved alarmsentralen i Florø.

– No ser det ut som dei har klart å rette småbåthamna, som ligg innforbi. Utsleppet skal ikkje ha vore komme ut der, og det er bra, seier Svardal

Det var Bergens Tidende som først melde om saka.

Det er ein del vind på staden, og brannvesenet var redde for landspåslag frå fiskeoljeutsleppet.

Svardal seier brannvesenet har rundt 15 personar i sving på staden.

Førebels er det ukjent kva som var årsaka til utsleppet, men Svardal seier at lekkasjen er stansa.

– Er dette noko som luktar fælt?

– Eg reknar med det, men har ikkje vore ute og lukta på det, seier Svardal.