Gå til sidens hovedinnhold

100.000 kundar får nytt straumselskap

Ved nyttår slo selskapa som driv med rådgiving og sal av straum i energikonserna Sogn og Fjordane Energi (SFE), Tussa, Sognekraft og Tafjord seg saman.

Onsdag vart det kjent at det nye straumselskapet har fått namnet Wattn. Det kjem fram i ei pressemelding.

Samla har dei fire selskapa med seg rundt 100.000 kundar inn i det nye selskapet.

– Vi slår oss saman for å bli endå betre – for å kunne vere ein konkurransedyktig aktør med framtidsretta produkt og tenester for kundane våre, seier administrerande direktør Øystein Vikingsen Fauske i Wattn.

Alle som jobbar i dei fire selskapa er med vidare, og kontora i Førde, Sandane, Florø, Ålesund og Vik i Sogn vert halde oppe, står det i pressemeldinga.

Vidare står det skrive at Wattn vert lansert til hausten att, og at kundane skal verte godt informert i tida framover. Dei resterande selskapa i dei fire konserna er ikkje omfatta av samarbeidet og vil halde fram som før.

Les også

I 2020 produserte SFE nok kraft til å drifte Anda-Lote i meir enn 500 år

Les også

I 45 år har Johnny sørga for at du har straum: – Kan fort bli hektisk

Kommentarer til denne saken