Gå til sidens hovedinnhold

10 nye koronatilfelle, i seks ulike kommunar

Torsdag vart 328 koronaprøver analysert på laboratoriet til Helse Førde. Ti av desse var positive.

Det melder Helse Førde på sine heimesider.

Smittetilfella er påvist i kommunane Gloppen, Sogndal, Luster, Vik, Stryn og Kinn.

Luster kommune skriv på sine heimesider at dei fekk tilbake fire positive prøver i går.

Sogndal kommune fekk tilbake éi positiv prøve.

Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Les også

Askvoll-ordføraren: – Vi får krysse fingrane for at dette ikkje medfører smitte

Les også

Ti personar i karantene etter smittetilfelle i Hyllestad

Les også

Nytt smittetilfelle i Gloppen: – Vi håpar vi kan avgrense smitten

Kommentarer til denne saken