1. august ny frist for rapport om trygdeskandalen

Av

Utvalet som granskar trygdeskandalen, har fått utsett fristen til å levere rapporten sin til 1. august. Årsaka er utbrotet av koronavirus i Noreg.

DEL

Utvalet skulle opphavleg levere hovudrapporten sin innan 1. juni.

– Vi har bede om forlenging av fristen fordi tiltaka for å hindre spreiing av koronaviruset har skapt forseinkingar og meirarbeid for utvalet, skriv leiaren av utvalet Finn Arnesen i ein SMS til NTB.

Det vart i fjor kjent at Nav sidan 2012 har feiltolka ei EU-forordning som gir rett til å ta med seg sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og pleiepengar til andre EØS-land. Sidan 2012 blir det anslått at minst 78 personar er uriktig dømt for trygdesvindel på grunn av feil rettsbruk.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken