Vestland fylkeskommune har planar om å kjøpe fire nye båtar til snøggrutene mellom Bergen og Nordfjord og Sogn. Dei skal gå på batteri eller anna drivstoff som ikkje er olje, melder NRK.

1.5 milliardar kroner er den tenkte prislappen for ein periode på 15 år. 100 millionar må Vestland ut med kvart år, av eigen lomme. Fylket vil kvitte seg med båtar som spyr ut mykje CO₂ for kvar person dei fører ein kilometer. Osen som stig opp kvart år er 20 000 tonn. Er dette alarmerande?

Av dei samla utsleppa frå vårt land – dei er nesten 50 millionar tonn – er 20 000 tonn 0,04 prosent. Knapt ein halv promille. Å fjerne utslepp med slike kostnader vil få milliardane til å rulle raskt.

Batteri eller hydrogen skal drive dei nye båtane, seier Jostein Fjærestad i Vestland. Begge løysingane krev enormt med energi. Verre sløseri enn å hente hydrogen ut av vatn er knapt råd å finne. Skal naturgass vere kjelda, får vi karbondioksid på kjøpet.

Planen i Vestland fell godt i norsk klimapolitikk. Den har satsa på å halde fram den utviklinga som fossil energi har vore drivkrafta i. Men no skal andre middel inn; ny og energikrevjande teknikk med kraft frå andre kjelder. Resultatet er magert, utsleppa er 4,7 prosent mindre no enn i 1990. I denne perioden på 30 år (1990–2020) har energiinnsatsen i transport gått opp 32 prosent, tenesteyting 25 prosent og bygg og anlegg 105 prosent.

Tala er frå ei nettside som Olje- og energidepartementet står bak. Det meste av innsatsen er olje. Alle regjeringar har forkynt sine ambisiøse klimamål med stor tyngde. Men tiltak som verkar i motsett retning et opp mykje av gevinsten. Det er lite dristig å hevde at eit samfunn som klarer seg med lite av diesel og slikt, det er eit samfunn som må klare seg med mindre energiforbruk enn fossilsamfunna.

Galskap sett i system