Gå til sidens hovedinnhold

1.379.744 nordmenn har fått første dose med koronavaksine

1.379.744 personar er vaksinerte med første dose av koronavaksine i Noreg, viser FHIs statistikk måndag. 369.537 personar har fått andre dose.

Førebels har FHI registrert at 2.451 personar fekk første dose måndag, og 1.148 personar fekk andre dose.

Dei som har gitt første dose til størst del av befolkninga over 18 år, er Viken (33,7 prosent) og Innlandet (33,7 prosent). Lågast del er i Rogaland (30,7 prosent) og Trøndelag (30,8 prosent). For andre dose ligg fylka Nordland (9,8 prosent) og Innlandet (9,7 prosent) best an.

Den første koronavaksinen i Noreg vart sett den 27. desember og var produsert av Pfizer og Biontech. 15. januar vart første dose av Moderna-vaksinen sett, og 7. februar vart AstraZeneca-vaksinen teken i bruk for helsepersonell. AstraZeneca er sett på pause etter meldingar om moglege alvorlege biverknader.

Det kan vere forseinkingar i registrering av vaksinasjon som fører til at tala endrar seg over tid.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken