Gå til sidens hovedinnhold

1.025.429 nordmenn har fått første dose med koronavaksine

1.025.429 personar er vaksinerte med første dose av koronavaksinen i Noreg, viser FHIs statistikk fredag. 299.631 personar har fått andre dose.

Førebels har FHI registrert at 59.797 personar fekk første dose torsdag, og 1.105 personar fekk andre dose.

Flest har fått første dose i Viken (229.870) og Oslo (125.566). Færrast av første dose er sett i Troms og Finnmark (42.016) og Nordland (45.567). Flest personar har vorte gitt andre dose i fylka Viken (71.550) og Vestland (35.096).

Den første koronavaksinen i Noreg vart sett den 27. desember og var produsert av Pfizer og Biontech. 15. januar vart første dose av Moderna-vaksinen sett, og 7. februar vart AstraZeneca-vaksinen teken i bruk for helsepersonell. No er AstraZeneca sett på pause, etter meldingar om moglege alvorlege biverknader.

Det kan vere forseinkingar i registrering av vaksinasjon som fører til at tala endrar seg over tid.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken