No slepp Bjørn Lødemel å uroe seg lenger.
Torsdag vart det klart at utjamningsmandatet i Sogn og Fjordane går til Høgre, etter at riksvalsstyret har gjort opp endeleg status etter stortingsvalet.
Dermed kan Bjørn Lødemel sleppe jubelen heilt laus, for dei usikkerheitsmomenta som knyter seg til fordeling av utjamningsmandat er no rydda heilt av bana.
Har vore i Oslo
- Det var deilig. Eg hadde venta det skulle bli slik, men den siste resten av
spenning låg der, seier Lødemel då han får vite det endelege utfallet.
Han har allereie vore i Oslo hatt møte med Høgre-gruppa, og no ser den kommande stortingsrepresentanten fram til å ta fatt på oppgåva.
Flyttar til 1. oktober
- Detter såpass stort for meg at det gjekk ei stund før eg skjønte at det her
skulle gå bra, seier Lødemel.
Han reknar med å få seg bustad i Oslo ganske fort, og skal vere i hovudstaden til 1. oktober.
Det nye Stortinget begynner sitt virke 9. oktober.