...
Illustrasjonsfoto. Foto: Arne Stubhaug

Fylket som nesten aldri stryk

Status for stortingsvalet er gjort opp.

Publisert 24.09.2009 kl 13:27 Oppdatert 24.09.2009 kl 13:27

Tips ein venn på e-post:


Fylkesvalstyret i Sogn og Fjordane er ferdig med å gjere opp stortingsvalet 2009, og kan konstantere at stortingskandidatane frå fylket i liten grad vart utsette for stryking eller flytting opp eller ned på listene.

- Det er veldig få som har nytta seg av ordninga med å endre på listene, så få at det har liten eller inga tyding. Det er uråd å måle populæriteten til dei enkelte politikarane ut frå så små tal, seier Knut Henning Grepstad, sekretær for fylkesvalsstyret.

Heggø, Bremer og Nødseth
Dei tre som har fått mest stryk er Ap-kandidatane Ingrid Heggø og Tor Bremer og Høgre-kandidaten Jacob Nødseth.

Heggø vart stroken 263 gonger, Bremer 255 og Nødseth 225.

Sett i lys av at Arbeidarpartiet fekk 17.386 stemmer i Sogn og Fjordane, er både Heggø og Bremer i svært liten grad utsette for stryking.

Høgre fekk totalt 7.119 av stemmene i fylket.

- Det er litt mange strykingar for Nødseth, men også for han er tala små, seier Grepstad.

Ikkje praktisk tyding
Han er ikkje overraska over at det er få som nyttar høvet til å stryke og renummerere på stortingslistene.

- Det er slik det brukar å vere i fylket ved stortingsvala, seier Grepstad.

Han meiner dette kan forklarast med at dei som stemmer synest nominasjonsprosessen i partia har vore grei, og at folk ser at det ikkje har noko praktisk tyding å endre på stortingslistene.

Så mange stemmer fekk dei ulike partia i Sogn og Fjordane ved stortingsvalet 2009:

- Arbeidarpartiet: 17.386.
- Sosialistisk Venstreparti: 3423
- Senterpartiet: 14.790
- Kristeleg Folkeparti: 3986
- Venstre: 1956
- Høgre: 7.119
- Framstegspartiet: 9294
- Demokratene: 22
- Kystpartiet: 124
- Miljøpartiet Dei Grøne: 109
- Raudt: 542

Dei fire distriktsrepresentantane som fekk plass på Stortinget er:

1. Ingrid Heggø, Høyanger (Ap)
2. Liv Signe Navarsete, Lærdal (Sp)
3. Åge Stadheim, Selje (Frp)
4. Tor Bremer, Hafslo (Ap)

Kalenderen fra Valget09


Hva blir ditt valg?

Hvilket parti stemmer du på?

Ap
Frp
Høyre
KrF
Rødt
Sp
SV
Venstre
Andre
Stemmer ikke

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 463




Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.