Ønskjer meir makt og større handlingsrom.
Heidi Grande Røys har vore sjef for fornyings- og administrasjondepartementet (FAD) i fire år, og har hatt som oppgåve å sørgje for ikt-strategiane til staten.
"Usynleg" og "uviktig" er blant karakteristikkane som er brukte om departementet hennar.
Grande Røys avviser kritikken om handlingslamming, men dersom ho får halde fram som statsråd i departementet i fire år til, ønskjer ho meir handlingsrom og større makt.
- Eg vil ha fleire lover. Dette departementet fortener å ha dei lovene som følgjer med oppgåvene våre, seier Grande Røys til Dagensit.no.
Dette høyrest ut som ein veldig god tanke, synest generalsekretær Per Morten Hoff i bransjeorganisasjonen IKT Norge.
Han er ikkje nøgd med dagens organisering av FAD, men forsvarer likevel ministeren.
- Det har ikkje vore noko galt med Heidi Grande Røys som minister, men rammene til departementet hennar har vore for snevre. Det har gjort det til eit innadretta departement, seier Hoff til Dagensit.no.