Synleg kroppskunst eller usynleg bodskap

Av

Eit enkelt diskret plassert lite motiv er ikkje nok lengre. Det skal vere mange, og dei skal vere store og godt synlege.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Arild Sætre skriv om tatoveringar.

Arild Sætre skriv om tatoveringar.

DEL

KronikkStadig fleire tatoverer seg. Talet på tatoveringsstudio har eksplodert dei siste tiåra. Er tatovering berre uskuldig kroppsdekorasjon, eller er det eit uttrykk for noko anna? Forsking syner at det er fleire årsaker til at så mange trassar smerte og dekorerer kroppen med små og store motiv som er nesten umoglege å få bort.

Tidlegare var tatovering eit slags synleg prov på at du var sjømann og hadde vore langt ute i verda. Frå rundt 1980 blei tatovering meir vanleg for ungdom, særleg i punkarmiljøa og andre miljø som var i opposisjon til det etablerte vaksensamfunnet. Ordet tatovering kjem frå det engelske ordet tattoo som igjen stammar frå det tahitiske ordet tatu eller tatau som tyder markere eller streke. Tatovering har vore brukt heilt sidan yngre st

Tilhøyrsle: Dei «rette» tatoveringane på rett stad på kroppen blir dermed det synlege beviset på at du høyrer til i den rette gruppa.Foto: Colourbox

Tilhøyrsle: Dei «rette» tatoveringane på rett stad på kroppen blir dermed det synlege beviset på at du høyrer til i den rette gruppa.Foto: Colourbox

einalder, og har vore vanleg i alle verdsdelar. Tatovering har i dei fleste kulturar blitt sett på som ei manndomsprøve.

Opp igjennom historia har tatovering vore mote i mange ulike miljø. For eksempel var det populært i den britiske overklassa på slutten av 1800-talet. Tatovering har òg vore brukt i ulike religiøse miljø. Engelskmannen Alan Oversby vert rekna som grunnleggjaren av moderne tatovering i Europa.

Fargerike og ekstreme klesplagg og hårfrisyrar har vore dei vanlegaste verkemidla for å oppnå merksemd. Men grensene blir stadig flytta, og ein må ty til meir drastiske verkemiddel for å bli sett. Dermed har stadig fleire blitt villige til å gå eit steg vidare. Til å ta i bruk kroppen som reiskap for å oppnå merksemd. Tatoveringane har såleis blitt fleire og større.

Mote: Opp igjennom historia har tatovering vore mote i mange ulike miljø. For eksempel var det populært i den britiske overklassa på slutten av 1800-talet. Foto: Colourbox

Mote: Opp igjennom historia har tatovering vore mote i mange ulike miljø. For eksempel var det populært i den britiske overklassa på slutten av 1800-talet. Foto: Colourbox

Det finst ikkje forsking som viser nøyaktig kor mange som har tatovert seg her i landet, men ein reknar med at minst ti prosent har ei eller fleire tatoveringar. Dei vanlegaste offisielle grunnane for å tatovere seg er at ein vil heidre personar eller historie. Mange seier òg at dei søkjer helbred i form av symbol eller sitat og at dei følgjer ein mote. Vi menneske er meir kompliserte enn som så. I psykologisk teori er det velkjent at det å bli sett og lagt merke til alltid har vore viktig for oss, og forsking viser at det oftast er underliggande, umedvitne grunnar som får oss til å gjere ekstreme handlingar. For eksempel ulike typar ekstremsport og å utsetje oss for den smerta det er å tatovere seg.

Tatovering er i utgangspunktet eit ungdomsfenomen. I mange tradisjonar har det blitt brukt for å markere overgang frå barn til vaksen. Ei manndomsprøve og eit synleg prov på at du toler smerte og har blitt vaksen og sjølvstendig. Det er framleis flest ungdommar som tatoverer seg, og truleg er ei godt synleg maskulin tatovering framleis eit signal om lausriving og sjølvstende for mange unge menn.

Bli sett: Stadig fleire blitt villige til å gå eit steg vidare for å bli sett. Tatoveringane har såleis blitt fleire og større. Foto: Colourbox

Bli sett: Stadig fleire blitt villige til å gå eit steg vidare for å bli sett. Tatoveringane har såleis blitt fleire og større. Foto: Colourbox

Tatovering kan og vere eit symbol for tilhøyrsel og idoldyrking. Eit signal som syner at ein høyrer til den gruppa ein identifiserer seg med og dei ein ser opp til. Stadig fleire kjendisar dukkar opp med mange og store tatoveringar. For eksempel har heiltatoverte armar blitt mote hjå verdas beste fotballspelarar. I psykologien er det kjent at identitet og tilhøyrsel er viktig for ungdom, og at ungdom kopierer sine idol. Dei «rette» tatoveringane på rett stad på kroppen blir dermed det synlege beviset på at du høyrer til i den rette gruppa.

Forsking syner at tatoveringar kan vere tryggleiksskapande.

– Tatoveringar gir den same følelsen av sjølvtillit som ei fin skjorte eller eit par nye bukser kan gi i ulike samanhengar, seier den danske forskaren Dominique Bouchet.

Det er eit vanleg psykologisk fenomen at ein mann føler seg meir trygg når han skal på eit viktig møte dersom han har på seg klesplagg han likar og føler seg vel i. Eller om ei dame tek solarium før ho skal på stranda. Ho kjenner seg meir tilfreds og trygg i bikini når ho har sola seg på førehand.

– Vi kjenner oss alle igjen i dette. Tatovering er berre ein litt meir ekstrem variant av det same, seier Bouchet.

Det er ikkje prov for at tatovering er direkte skadeleg på nokon måte. Men forsking syner at det kan føre til nokre helseplager. Dei vanlegaste er hevelsar og kløe. Mange får slike plager når dei solar seg, fordi den mørke fargen i tatoveringane absorberer meir lys og varme enn den delen av huda som ikkje er tatovert. Det oppstår dermed solbrent-liknande reaksjonar i tatoveringane. Meir enn ein tredel av dei som har tatoveringar opplever dette.

Endring: Vi veit at motar skiftar. Det har dei alltid gjort.  Det vil truleg få endå fleire til å prøve å fjerne tatoveringar. Foto: Heiko Junge/NTB SCANPIX

Endring: Vi veit at motar skiftar. Det har dei alltid gjort. Det vil truleg få endå fleire til å prøve å fjerne tatoveringar. Foto: Heiko Junge/NTB SCANPIX

Det finst elles lite kunnskap om farar ved å tatovere seg. EU har prøvd å regulere verksemda til pigmentprodusentane, men gav opp fordi det fanst alt for lite kunnskap om temaet.

Forsking frå USA syner at heile 17 prosent av dei som tek ei tatovering angrar allereie eit år etter at dei tok den. Dei fleste som angrar er kvinner. Å fjerne ei tatovering er dyrt, smertefullt og det tek lang tid. Det kan gjerast på to måtar. Du kan skjule motivet med ei ny tatovering, eller fjerne det med laserbehandling.

Talet på laserbehandlingar for å fjerne tatoveringar her i landet har dobla seg sidan 2011. Ei laserbehandling kostar om lag 2000 kroner, og ein treng ofte meir enn fem behandlingar for å fjerne ei lita tatovering. Ofte tek det mellom eit og to år å fjerne ei tatovering.

Psykologisk forsking viser at dei underliggande og umedvitne årsakene for å tatovere seg ofte er svært viktige i ein viss fase. Så viktige at mange ikkje tenkjer over at det å ha store og godt synlege tatoveringar kan få konsekvensar seinare i livet. For eksempel er det i ein del yrke ikkje like passande med store tatoveringar.

Lausriving: Truleg er ei godt synleg maskulin tatovering framleis eit signal om lausriving og sjølvstende for mange unge menn.  Foto: Colourbox

Lausriving: Truleg er ei godt synleg maskulin tatovering framleis eit signal om lausriving og sjølvstende for mange unge menn. Foto: Colourbox

– På eit eller anna tidspunkt er det ikkje smart å ha ein piggtråd oppover armen dersom du er avdelingsleiar i eit selskap, seier den danske professoren Peter Bjerring.

– Ofte kjem folk til oss for å fjerne ei tatovering fordi den ikkje passar inn i deira nye jobb, legg han til.

Det er heller ikkje vanskeleg å tenkje seg at det kanskje ikkje er heilt gunstig for eit lite barn å ligge i armane til ei mor eller ein far med tatoveringar av uhyggelege motiv over store delar av kroppen.

Tatovering har blitt mote. Vi veit at motar skiftar. Det har dei alltid gjort. Difor kan ein rekne med at det å tatovere seg òg vil gå av moten. Det vil truleg få endå fleire til å prøve å fjerne tatoveringar. For mange vil det bli svært dyrt og tidkrevjande.

Det finst alternative tatoveringar som er både billege og smertefrie. Sokalla «flash-tattoo». For om lag 300 kroner får du fleire ark med tatoveringar. Dei varer til du vaskar dei av, opp til eit par veker alt etter kvar på kroppen du plasserer dei. Kanskje eit godt alternativ for dei som likar forandring og samtidig vil sikre seg mot «å gå av moten» om nokre år.

Tilbod: Firda i ti veker for ti kroner

Artikkeltags