Kvikkas og laurdagsdistribusjon

Av
Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

(Foto: )

DEL

LesarbrevTidlegare i år la Samferdseldepartementet laurdagsdistribusjon av aviser ut på anbod. «Kvikkas,» med hovudkontor i Ålesund, var 90 millionar billegare enn Posten som fram til November hadde dette oppdraget.

Det viser seg i ettertid at Samferdseldepartementet ikkje stilte krav om kvalitet til «Kvikkas». Berre prisen er lav nok er ikkje det så viktig. Det kan sjå ut til at «Kvikkas» heller ikkje stiller slike «uhøyrde» krav til sine underdistributørar. Det har vore store leveringsproblem mange stadar i landet frå dag ein, og no etter 6 veker har endå ikkje underteikna og hundrevis av andre abonnentar, fått si laurdagsavis.

Namnet skjemmer som kjent ingen, men namnet «Kvikkas», i denne samanheng, burde fått nokre varsellamper til å lyse hos dei ansvarlege for utlysinga av anbodet. Eg kan litt om distribusjon da eg i mange år sjølv var avisdistributør, men måtte til slutt sei opp avtalen med BT/Schibsted pga. krav frå dei som ikkje var mogleg å gjennomføre. Eg veit og kva som skal til for å løyse dette. Noko av det viktigaste i grisgrendte strøk er lokalkjennskap. Det nyttar ikkje med GPS og elektroniske «dippeduttar» når det ikkje finst gatenamn, husnummer, og postkassar som manglar namn. Men det åleine er ikkje nok. Logistikk og nok ressursar må og vere på plass.

Dette vil til slutt gå ut over avisene sjølv da mange etter kvart vil sei opp abonnementet. Til slutt vil eg gje ei oppfordring til alle råka abonnentar. Ikkje finn dykk i dette og sei klart frå at nok er nok. Til avishusa: Krev at Samferdselsdepartementet no tek grep.

Vennleg helsing og ønske om forbetring.

Tilbod: Firda i ti veker for ti kroner

Artikkeltags