"Har dokke gått fullstendig frå vit og forstand?"

Av
Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Fire ordførarar: Mathias Råheim (Høgre/Gaular), Håkon Myrvang (Arbeidarpartiet/Naustdal), Oddmund Klakegg (Senterpartiet/Jølster) og Olve Grotle (Høgre/Førde).

Fire ordførarar: Mathias Råheim (Høgre/Gaular), Håkon Myrvang (Arbeidarpartiet/Naustdal), Oddmund Klakegg (Senterpartiet/Jølster) og Olve Grotle (Høgre/Førde). (Foto: )

DEL

LesarbrevGaular, Førde, Naustdal og Jølster: Sunnfjord kommune! Hallo, har dokke gått fullstendig frå vit og forstand? «Sunnfjord» er jo opptatt! Dette er rett og slett frekt og kan neppe vere lovleg! Har de staute ordførarar vore i forhandling med dei andre kommunane i Sunnfjord, om dei vil gje ifrå seg Sunnfjord-namnet? Og tenker dokke at folket i Fjaler, Askvoll, Flora og Bremanger ikkje lenger skal kunne kalle seg sunnfjordingar? Og er det slik at dokke går for Sunnfjord-namnet for at det skal vere lettare å få med resten av kommunane i Sunnfjord inn i ein Stor-Kommune seinare? Dette er i tilfelle feigt, historielaust og dårleg leiarskap.

Jølster, Naustdal eller Gaular er sjølvsagt heller ikkje aktuelt som nytt kommunenamn.  Førde - elska og hata - skal sjølvsagt bli det nye kommunenamnet. 

Staden Førde er den store fellesnemnaren som knyter oss saman og faktiske den einaste grunnen til at det kan bli ei samanslåing av desse kommunane, Staden Førde har vokse fram som eit naturleg sentrum i dette området for folk frå Laukeland til Viksdalen, frå Nes til Standalen, frå Stardalen til Eikås og frå Botnen til Solheimsdalen. Sjølv er eg naustedøling (det skal ingen få ta frå meg), eg bur og arbeider i Førde, har hytte i Gaular og har gode relasjonar jølstringar flest, i både eitt og hitt. Og slik er det med dei fleste av oss. Og vi vil gå saman i ein kommune og så møtest vi både på midten og i sentrum, nemleg Førde!

Ein forsmådd ordførar skal sjølvsagt ikkje måtte blidgjerast med at det nye namnet «i alle fall ikkje skal bli Førde», i et framtidsperspektiv blir dette for tåpeleg! Slik tenking er vi ferdig med, det viser det faktum at folket i desse kommunane faktisk vil slå seg saman!

Eg er overbevist om at dette er folkemeininga i desse 4 kommunane. At intelligente ansvarlege politikarar som folket har gitt tillit gjennom val ikkje klarer å lose oss trygt igjennom dette er faktisk litt skremmande!

Tilbod: Firda i ti veker for ti kroner

Artikkeltags