Stopp hetsen mot dei uføre og trygda

Av
Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

(Foto: )

DEL

LesarbrevVed utgangen av september 2016 var det 5 481 personar i Sogn og Fjordane som tok i mot uføretrygd. Det er det same talet som eit år tidlegare. Det er vel 8 % av befolkninga i aldersgruppa 18-67 år.

Desse menneska er mellom dei som har fått merke mest til dei økonomiske overføringane til kapitalistklassen og dei rike elles.

Dei uføre fekk auka skatt som følgje av den såkalla uførereforma som kom i 2015. Uføre med gjeld, var dei største taparane, og dette står i grell kontrast til at formueskatten til dei rike har blitt redusert med fire milliardar.

Dei neste uføre som skulle vere med å oppfinansiere dei rike, var dei gamle uføre. Skattedirektoratet sa frå om at 127 000 uføre ville tape på dei nye reglane for uførepensjon.

Neste gruppa av uføre som skulle mjølkast var uføre med barn. Barnetillegget vart redusert. Det var vel eit signal til dei fattige sine barn om å stå tidleg opp om morgonen og velje seg nokre rike foreldre.

Hausten 2016 var det funksjonshemma og kronisk sjuke som skulle ofrast for å få til eit budsjett i balanse. Det er innført ein eigendel på fysioterapi for 236 000 av oss – mellom andre brannskadde, brystkreftpasientar, psykisk uviklingshemma og Parkinson-sjuke.

Bak dette ligg ein politikk for å gjere kapitalistklassen endå rikare og trua på at når det blir mindre lønsamt å vere ufør, skal dei uføre igjen bli arbeidsføre. Dette er ei djup mistru til ein stor del av befolkninga.

Raudt meiner det trengst eit kraftig opprør mot denne mørkeblå politikken og ein breiare opposisjon dersom vi skal få ei framtidig AP-farga eller raudgrøn regjering til å snu utviklinga. Vi treng eit oppgjer med ein politikk som gjer kapitalistklassen rikare gjennom å ruinere den fattigaste delen av arbeidarklassen.

Tilbod: Firda i ti veker for ti kroner

Artikkeltags