Gjev oss i dag vårt daglege brød

Av
Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

(Foto: )

DEL

LesarbrevSenterpartiet har alltid sagt JA til at me skal ha høg sjølvberging av matvarer. Det er viktig at våre avgrensa areala med dyrka jord vert brukt til gras og korn. Dei store beiteareal på innmark og i utmarka må brukast som for til sau, kyr og storfe.

Trass i usemje om utforminga av landbrukspolitikken, har det vore brei semje mellom alle parti med unntak av Framstegspartiet om at det viktig med ei høg sjølvberging av mat av beredskapsomsyn. Senterpartiet har alltid visst det.

I den politiske plattforma for regjeringa Solberg heiter det at regjeringa vil «arbeide for en høyest mulig selvforsyning av mat av beredskapshensyn». Det er også sterkt vektlagt av Forsvaret. I den nye meldinga om landbrukspolitikken har Høgre saman med Frp gått bort frå dette målet. I meldinga står det «Selvforsyningsgraden er et mål for hvilken markedsandel matsektoren har her hjemme, og ikke et mål på forsyningsberedskapen». Setninga undergrev bodskapet om «auka produksjon på norske ressursar» som også omtalt med fine ord.

Verkemidlane i meldinga er eintydige; mjølk, kjøt og egg skal sentraliserast og produserast i større fjøs for at maten skal verte billegare. Matproduksjonen skal konsentrerast til dei område som har det mest lettdrivne arealet; Jæren, flatbygdene på Austlandet og i Trøndelag. Små, oppdelte, bratte og tungdrivne areal i langs kyst og fjord, dalstroka innanfor og i fjellbygdene vil verte teke ut av drift. Ein større del av foret til dyr i norske fjøs, skal i framtida kjøpast frå utlandet. Det gjev dårlegare matvaresikkerheit og mindre jordbruksareal i drift i eit fylke som Sogn og Fjordane.

FN slår fast at alle land har både rett og plikt til å produsere mat til eigen befolkning. Mat er saman med helse og utdanning grunnleggjande for å skape utvikling og framgang, og kan ikkje frikoplast frå landegrenser og folkevald styring i ein global marknadsøkonomi. Afrika er alt i dag avhengig av matimport. Folketalet i det sørlege Afrika vil verte dobla fram mot 2050 og etterspurnaden etter mat vil auke med 60 prosent. Kjøpekraft bør ikkje avgjere kven som får mat i magen.

Retten til mat er ein grunnleggjande menneskerett. Senterpartiet tek dette på alvor. Ingen vert mette av at me reduserer matproduksjonen i Norge. Eit JA til norsk matproduksjon er også eit JA til internasjonal solidaritet.

Tilbod: Firda i ti veker for ti kroner

Artikkeltags