Tapte 1-2 på heimebane.
Sist helg var keeper Piotr Leciejevski Sogndal sin redningsmann då han redda straffespark i sluttminutta mot Alta. Men mot Sarpsborg søndag kveld vart han uheldig på eit langskot frå særpingane og før det var gått 15 minutt leia bortelaget 0-2.
Men Sogndal kom sterkt tilbake utover kampen, og hadde fortent sin tredje strake siger i årets Adeccoliga.
Men det vart med Espen Olsen si utlikning rett før pause. Og sjølv om det vart eit veritabelt Sogndal-press dei siste 45 minutta, rei Sarpsborg det av og overtok tabellteten føre Sogndal etter tre serieomgangar.
Slik oppsummerte trenar Harald Aabrekk kampen:
- Ein heilt grei kamp av oss. Eg synest faktisk litt synd på spelarane at det ikkje gjekk betre i dag, men vi sleit med omsetje sjansane våre, sa Sogndal-trenaren.