Ny norgescup-siger til Aa Djupvik

Glopparen Roger Aa Djupvik sette konkurrentane til veggs i norgescupen fredag, og slo fast at han er moden for fleire verdscup-renn.

Publisert 05.01.2007 kl 15:58 Oppdatert 05.01.2007 kl 21:25

Tips ein venn på e-post:

...
Roger Aa Djupvik

Meir på firda.no


- Slik Roger Aa Djupvik gjekk i dag, er det vel ingen tvil om at han forsvarer ein plass på det norske verdscup-laget, konkluderer krinslagstrenar Nils Heggdal etter at hyaren sette samtlege norske løparar til veggs på Sjusjøen fredag ettermiddag.

Fall i siste sving

- Alle dei beste løparane i Norden, minus deltakarane i «Tour de Ski» deltok på Sjusjøen, seier Nils Heggdal og viser til at fellesstarten over 15 kilometer i klassisk stil vart eit realt bikkjeslagsmål mellom Roger Aa Djupvik og Vasalopp-eksperten Martin Larsson.

- Aa Djupvik stakk frå feltet eit stykkje føre mål, og såg ut til å gå mot ein klar siger. Men i den siste svingen gjekk han plutseleg overende og dermed gjekk Larsson forbi han. Men nordfjordingen kom seg raskt på beina att, og kom seg i mål før dei andre norske løparane, seier Nils Heggdal.

Verdscup-søknad


Og med alle dei nestbeste norske løparane til stades, meiner krinslagstrenaren Nils Heggdal at Aa Djupvik har lagt inn ein god søknad med tanke på fleire verdscup-startar utover vinteren.

- No er det vel først NM i Meråker, før verdscup-sirkuset med norske løparar set kursen til Otepãã. Og i dag var det vel ingen tvil om at Aa Djupvik nok ein gong var det store namnet, seier Heggdal.

Bortsett frå Aa Djupvik, vart det eit stykkje fram for dei andre lokale løparane under fellesstarten på Sjusjøen. Men trioen André Haugsbø, Bjarne Nes og Asgeir Årdal gjekk seg likevel alle inn blant dei 40 beste i norgescup-løpet.

Bra av Gaasø


- Dessutan leverte 16-åringen Trygve Henden Gaasø frå Fjellhug/Vereide eit godt løp i 16-årsklassa. Sjølv om han gjekk overende, gjekk han seg inn til ein sterk 20. plass i ei tøff aldersklasse, seier Heggdal.

Allereie laurdag vert det arrangert sprint på Sjusjøen, medan det vert gått fri teknikk på søndag.

- Løpet på fredag var ikkje ein del av den Skandinaviske cupen, men både sprinten og fri teknikk-delen på søndag er ein del av denne attraktive cupen, seier Nils Heggdal.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

Pasientombod Ove Mjåtveit

Vil at Helse Førde skal skifte namn

Nyhende Pasientombodet meiner namnet er misvisande og provoserande Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.