Med Ulrik Flo på veg mot ein overgang frå Stryn til Sogndal, oppmodar trenar Dagmund Evebø nye talent om å heller prøve seg andre stader.
Ulrik Flo er siste blad på stammen av spelarar som går frå Stryn til Sogndal på kort tid: Først vart Per Egil Flo klar sist sommar, før Mats Solheim vart samd med klubben denne sesongen.
Stryn-trenar Dagmund Evebø meiner 1. divisjonsklubben får bonusar for å gå bakvegen til mål.
-Vi er misnøgde med måten Sogndal kontaktar folk på, utan at klubben veit om det, sukkar Evebø.
Han viser til at Sogndal skal ha vore i kontakt med Ulrik Flo mellom 10 og 15 gongar - heile tida utan at Stryn var informert, slik spelereglane tilseier det.
-Sogndal hadde definitivt reagert på det, dersom nokon hadde kontakta deira spelarar på denne måten, seier han.
Han argumenterer vidare:
-Personleg ville eg ikkje råda nokon å gå til Sogndal no, der dei har seks til åtte spelarar i same aldersgruppe. Eg kan ikkje sjå at alle dei får spele på A-laget om eit år, seier trenaren.
-Eg har ei kjensle av at Sogndal hentar alle dei største talenta i fylket no, slik at ingen andre skal ta dei, held han fram.
Evebø rådar no spelarane sine til å heller prøve seg i andre klubbar. Han har allereie fråråda ein spelar i Stryn å trene med Sogndal.