Eks-Sogndalspelar tener 40.000 kroner i månaden - i 3. divisjon.
Norske spelarlønningar skyt i veret, og Nettavisen kunne onsdag ettermiddag fortelje at tidlegare Sogndal-spelar Sindre Erstad (24) tener 40000 kroner i månaden som spelar i 3. divisjonsklubben Randaberg.
Sist sesong har Erstad vore kaptein for Stavanger idrettsforening, men har no altså valgt å akseptere tilbodet frå Randaberg i divisjonen under.
Multimillionær og Acta-gründer Fred Ingebrigtsen vil gjere Randaberg til 2. divisjonslag komande sesong, og har også som mål å løfte klubben til Adeccoligaen innan 2014.