Fekk 2. plass i NM

Norvald Haaland frå Flekke vart i helga nummer to i NM i roadracing. - Eg er ikkje heilt nøgd når eg berre vert nummer to, seier 34-åringen.

Publisert 19.09.2006 kl 10:13 Oppdatert 19.09.2006 kl 12:34

Tips ein venn på e-post:

...
Norvald Haaland Foto: John Andreas Fredheim

Den norske meisterskapen i roadracing vert avvikla ved at løparane køyrer fem løp gjennom sesongen, og så tel opp samanlagt kven som har best poengsum.

Eitt utan poeng

- Difor var det ergerleg at eg i år har hatt eit løp utan poeng i det heile. Så når Helge Spjeldnes frå Solør gjennomførte alle løpa med gode plasseringar, var det umogleg for meg å passere han i samandraget etter NM-finalen, seier Haaland.

I helgas avsluttande finale-konkurranse vart Haaland også nummer to, bak NM-vinnaren Helge Spjeldnes frå Solør.

Neste år

Haaland konkurrerer i klassa «Superstock 600».

- Dette er ein «600-kubikkar» med noko lettare modifisering. Vi er vanlegvis ein 24-25 løparar i kvar konkurranse, og det er ein populær klasse, seier Halland.

I poengsamandraget etter dei fem rundane stoppa Spjeldnes opp på 97 poeng, medan Norvald Haaland hadde 86.

- Eg får håpe at eg kan gjere det skarpare neste år. NM-finalen på Vålerbana i helga var årets siste løp, seier Haaland som for tida er busett i Moss i Østfold.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.