Mål, Sogndal - Rosenborg 0-2

Dockal, (76)

Dette meiner Valsvik ikkje er straffe

Sogndal fekk to straffemål mot seg heime mot Rosenborg. Sjå situasjonane og måla på Firda Nett.

Idar Stadheim
Idar Stadheim Profil E-post
Publisert 12.08.2012 kl 23:36 Oppdatert 12.08.2012 kl 23:45

Tips ein venn på e-post:


Mål, Sogndal - Rosenborg 0-1

Dockal, (70)

Mål, Sogndal - Rosenborg 0-3
Chibuike, (90)
Sammendrag, Sogndal - Rosenborg 0-3

Se mål og høydepunkter

Omtalte lag og spillere


søndag

12

august

Sogndal - Rosenborg 0 - 3

Tippeligaen 2012 - søndag 12. august kl 18:00, Fosshaugane Campus

Les kampreferat

Etter å ha halde Rosenborg til 0-0 i første omgang i søndagens heimekamp, skulle Sogndal få ein real kalddusj frå krittmerket etter halvspelt andreomgang.

Først var det Kenneth Udjus som sendte ein Tarik Elyounoussi på veg gjennom i bakken, og måtte sjå Borek Dockal sette ballen sikkert i nettet.

- Straffa er grei. Eg prøver å ta ballen, men kjem i for stor fart i det han spelar den frå seg. Då gir eg dommaren ei lett oppgåve, seier Udjus.

Omdiskutert situasjon

Mer omdiskutert var straffa som vart idømt Sogndal seks minutt seinare, og som Borek Dockal tok godt vare på ved å doble til 2-0.

Gustav Valsvik, som laga straffa, meiner den var feilaktig idømt.

- Eg skjermar Markus Henriksen med kroppen, og han vender. Så skjermar eg han andre vegen for å blokkere skotet, og han kjem då inn med full kraft og sparkar meg i leggen, og dett. Det er feilaktig, spør du meg, seier Valsvik, som meiner at Sogndal langt frå har hatt dommarane med seg i mange av kampane sine.

Ingen Sogndal-straffer

- Det er uheldig med tanke på at vi ikkje har fått eit einaste straffespark sjølv i år, og så får Rosenborg to her i dag, seier Sogndal-stopparen, som trur at det ofte kan vere lettare å blåse for storlaga, enn for Sogndal.

Gjekk tomme

Trenar Jonas Olsson meiner at lufta gjekk ut av Sogndal etter dei to straffemåla.

- Lufta gjekk ut av oss, og Rosenborg får ny energi. Det er uheldig at vi skal få to straffer imot så kjapt, seier Olsson.

Sjølv meiner han å ha hatt for dårleg oversikt over den omtala situasjonen til å avgjere om Valsvik sin mogelege felling av Henriksen var straffespark.

- Og eg har ikkje sett video av det sjølv, men eg har blitt fortalt av dei som såg TV-bildene at det var katastrofalt feil, seier trenaren.

Unødvendig sistemål

Det tredje målet Rosenborg fekk på overtid, meiner han berre var unødvendig.

- Det er rett og slett for dårleg av oss. Det verkar som vi sluttar å spele på 0-2, seier Olsson, som no er klar på at dei neste kampane blir viktige.

- Men vi må berre halde fram å arbeide hardt, seier Olsson.

På framsida no


Dei tek eit byks for helsa si

Dei nesten 250 borna som er på basistreninga får den aktiviteten dei treng, Men mange av oss sit for mykje i ro.

...

- Ei av dei viktigaste sakene i vår tid

Gjertrud vil få dei unge med i kampen

Terje fanga over 30 mus på kort tid

Mus og lemen i hopetal invaderer oss