...
Vegar Gjermundstad reiste rett frå prøvespel i den svenske klubben Syrianska til nytt prøvespel hos den nyopprykka Tippeligaklubben Hønefoss. - Eg må gripe sjansen når den er der, seier vaimingen. Her avbilda i kamp mot Lillestrøm. Foto: Stig Roger Eide

Hektiske dagar for Gjermundstad

Først Allsvenskan, så Tippeligaen i jakt på ny klubb.

Stig Roger Eide
Stig Roger Eide Profil E-post
Publisert 06.02.2012 kl 10:11 Oppdatert 06.02.2012 kl 10:14

Tips ein venn på e-post:

Omtalte lag og spillere


Vegar Gjermundstad har hektiske dagar for tida. Den siste veka har han prøvespelt for Syrianska i Södertälje ved Stockholm, før han søndag ettermiddag var på veg til tilsvarande opplegg i Hønefoss.

- Ja, det går slag i slag. Og eg må nytte sjansen no medan eg har den, seier vaimingen.

Svar i veka

Gjermundstad har gode opplevingar frå opphaldet i den svenske klubben, men er usikker på om han får tilbod om kontrakt.

- Eg har fått gode tilbakemeldingar både frå treningar og kamp. Men ein veit jo aldri i dette gamet, seier Gjermundstad som spelte to kampar under Sverige-opphaldet.

I den første kampen heldt vi nullen defensivt, medan det vart 2#<\a>2 mot den finske klubben Åbo på laurdag, fortel Gjermundstad som vart skifta ut mot slutten av dette oppgjeret.

- Eg fekk ein smell, og tok ingen sjansar på å fortsette då det var minus 15 grader. Eg måtte jo tenkje litt på at eg skulle direkte på nytt prøvespel den komande veka også, seier forsvarsklippa frå Vadheim.

Hønefoss neste

Allereie søndag kveld var Vegar Gjermundstad på plass i den nyopprykka Tippeligaklubben Hønefoss, og var klar for trening med nye spelarar.

- Eg kjenner litt til nokre få spelarar som eg var saman med i Lyn. Elles er det mest ukjende, seier Gjermundstad og kjenner sjølvsagt til at tidlegare Sogndal-profil Rune Bolseth spelar på HBK.

- Ja, eg veit at Bolseth er her. Eg har sjølvsagt høyrt mykje om han, men kjenner han ikkje. Og det skal bli moro å snakke med han, seier Gjermundstad.

I tillegg til treningar med Hønefoss, skal også Gjermundstad spele treningskamp mot Stabæk på tysdag.

- Eg kjenner veldig lite til klubben. Når det gjeld midtstopparar så veit eg at Frode Lafton og Sigurd Örn Sigurdsson spelte stopparar i fjor då Hønefoss vann Adeccoligaen. Så vi får sjå kva som skjer. Eg er open for det meste, og må ta dei sjansane som dukkar opp, seier Gjermundstad.

Gjermundstad trente med Sogndal ut januar månad, og har så langt ikkje fått tilbod om kontrakt i den klubben.

500 - Internal server error

Error message:
Transformation ended in error for request URI: /componada/component/show-esi/normal/football/magic/www.firda.no/51/5915903/2012-02-06T10:14:13Z when using style sheet component_xhtml2html.xsl. Masked exception is:
Problem transforming sheet: jar:file:/var/jetty/componada/Jetty_0_0_0_0_9002_componada.webapp.war__componada.webapp__.bdff6g/webapp/WEB-INF/lib/componada-xslt-1.210.jar!/xslt/component_xhtml2html.xsl

root cause:
org.xml.sax.SAXParseException: A DOCTYPE is not allowed in content.

, group
X-Trace-App: [componada ; tupplur.api.kunder.linpro.no ; Thu May 24 06:45:34 CEST 2012] X-Trace-App: [corredor ; blanken.api.kunder.linpro.no ; Thu May 24 06:45:34 CEST 2012]

Mest lese no

...

Stor leiteaksjon i Sognefjorden

Nyhende Mann i 20-åra fall over bord i går. Meld sakna i dag Les meir

...

Kven eig bilen?

Motor – Den dukka opp i løpet av natta, seier Firda.no–tipsar Les meir

...

Kjerringræva i hagen

Eigedom Nå er ei ny kjerringræv, som Kåre Larsen kaller henne, på plass i hagen langs E39 på Gjemnesstranda utenfor Kristiansund.

Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.