Jan Tore Jåstad må truleg gå.
Toppfotballsjef Nils Johan Semb må spare pengar. 11 millionar kroner blir spart kvart år viss han seier opp dei 18 spelarutviklar stillingane i Norge.
I Sogn og Fjordane er det Jan Tore Jåstad som har denne jobben. Men frå 1.oktober kan det vere slutt.
Kan bli betre
No ber Semb dei ulike fotballkrinsane om å ta over stillingane.
– Eg håper det ikkje får store konsekvensar for talentutviklinga i Norge. På lang sikt håper eg snarare tvert om, at talentutviklinga blir styrkt ved at kretsene har større ansvar, seier Semb til Aftenposten.
– Dramatisk
Nestleiar Karl Johan Haavag i Trenerforeningen trur talentutviklinga i Norge kan bli dårlegare.
– Dette er dramatisk for talentutviklinga i Norge. Kretsane sin økonomi er svært variabel og ikkje alle vil ha råd til en spelarutviklar på heltid. Vi er redd det på sikt vil svekkje talentutviklinga, seier Haavag til Aftenposten.
Ifølgje Stavanger Aftenblad blir spelarutviklarane i fotballkrinsane sagt opp 1. oktober.
Problem transforming sheet: jar:file:/var/jetty/componada/Jetty_0_0_0_0_9002_componada.webapp.war__componada.webapp__.bdff6g/webapp/WEB-INF/lib/componada-xslt-1.178.jar!/xslt/component_xhtml2html.xsl root cause: org.xml.sax.SAXParseException: A DOCTYPE is not allowed in content.
, group
X-Trace-App: [componada ; akut.api.kunder.linpro.no ; Sun Feb 12 19:50:45 CET 2012]
X-Trace-App: [corredor ; grundtal.api.kunder.linpro.no ; Sun Feb 12 19:50:45 CET 2012]