...
DEBUT: Vegar Gjermundstad (t.v.) saman med dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal. Gjermundstad kan risikere å miste debuten mot Strømmen 1. august grunna eit kompensasjonskrav frå konkursråka Lyn. Foto: Asgeir Årdal

Gjermundstad kan miste debuten

Lyn vil ha 150.000 kroner. Sogndal seier nei.

Øyvind Løseth Elvetun E-post
Publisert 28.07.2010 kl 11:25 Oppdatert 28.07.2010 kl 15:44

Tips ein venn på e-post:

Omtalte lag og spillere


Vegar Gjermundstad (20) kan miste debuten for Sogndal mot Strømmen komande søndag, etter at konkursbuet i Lyn krev betaling frå Sogndal. Det skriv Sogn Avis.

150.000
Gjermundstad vart oppsagt av den konkursråka klubben i mai, og vart presentert som ny Sogndal-spelar tidlegare denne månaden. Dermed skulle alle band til gamleklubben vere sletta.

Men det viser seg no at bubestyraren i Lyn krev utdanningskompensasjon for klubben sine spelarar. I Gjermundstad sitt tilfelle dreiar det seg om 150.000 kroner.

Dette ønskjer ikkje Sogndal å betale.

- Heimekampen mot Strømmen kan gå i vasken. For at Vegar skal vere speleklar må alle detaljar rundt overgangen vere avklart, noko dei ikkje er per no, seier sportsleg leiar i Sogndal Fotball, Trond Fylling til Sogn Avis.

Kompensasjon
Norges Fotballforbund prøver saman med konkursbuet å komme fram til ei løysing.

- Vegar vart oppsagt frå klubben då han etter fleire lønskutt nekta å skrive under på ny kontrakt. Dette skjedde før Lyn gjekk konkurs, og det står klart i NFF sine reglar at sidan han vart oppsagt har dei ikkje rett på noko form for kompensasjon, seier Fylling.

Han tykkjer det vil vere ulogisk om dei kan fristille spelaren for å spare utgifter, for så å kreve kompensasjon i ettertid.

Løysing
Leiaren ved juridisk seksjon i NFF, Eirik Sandsten, fortel at ei løysing på problemet skal komme denne veka.

- Saken har mange sider og partar, og vi skal bruke tida fram til 1. august for å finne ut av korleis vi skal løyse den, seier Sandsten til TV2.

søndag

01

august

Sogndal - Strømmen 5 - 1

1. divisjon 2010 - søndag 1. august kl 18:00, Fosshaugane Campus

Les fullstendig kampreferat

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

...

Slik blir årets Førdefestival

Kultur Lovar eksotisk smeltedigel. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.