...
Høyang-trenar Terje Fjæren beklagar den krasse SMS-en han sende til alle spelarane i helga. Foto: Asgeir Årdal

Skjelte ut spelarane i SMS

Det kokte over for fotballtrenar etter tap i helga.

Einar Trovåg E-post
Publisert 15.06.2010 kl 08:52 Oppdatert 15.06.2010 kl 11:27

Tips ein venn på e-post:

Omtalte lag og spillere


Etter at Høyang tapte mot Sandane i Firdaligaen i helga, sende trenar Terje Fjæren ei tekstmelding til alle spelarane der han gir dei det glatte lag.

Firda har fått tilgang til SMS-en, der Fjæren skriv følgjande:

"La eg presisere at detta e en fellesmelding og at noen må ha meg unnskyldt. D vi prestera i dag e bånn i bøtta, ke fan e d vi drive m? Detta e så elendigt at eg finne fan ikkje ord. Eg e jævligt skuffa over prestasjonane våre. Så får dere kalle meg for ka fan der vil. Elendigt."

Frustrert over mange kort
Høyang-trenaren innrømmer at han gjekk for langt, men forklarer at han var veldig frustrert etter 0-2-tapet mot Sandane.

Han har beklaga meldinga og ville gjere det igjen på spelarmøte måndag kveld.

- Grunnen til at eg sende ho, var at eg var så frustrert av dei tre gule korta vi fekk på slutten av kampen. Det er så frustrerande at vi aldri kan stille med same lag to kampar på rad, grunna gule og raude kort, seier Fjæren.

- Må vurdere stillinga hans
Administrativ leiar Teddy Moen i Norsk Fotballtrenerforening meiner fotballstyret i Høyang må vurdere om Terje Fjæren kan halde fram som trenar etter SMS-utskjellinga.

- Uff, nei, det var ikkje ei heldig melding. SMS-ar må for all del ikkje nyttast på denne måten, seier Moen.

Han synest saka er spesielt lei sidan det er mange unge spelarar i stallen til Høyang.

lørdag

12

juni

Høyang - Sandane 0 - 2

3. divisjon Sogn og Fjordane 2010 - lørdag 12. juni kl 14:00, Sletta

Les fullstendig kampreferat

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.