Sjekk kven som møter kven på vegen mot Ullevål.
Ni lag frå Sogn og Fjordane har fått innpass i årets norgesmeisterskap. Sju av dei må gjennom kvaliisering, medan Sogndal og Førde går direkte til første ordinære runde.
Her er kampane i første kvalifiseringsrunde med lag frå Sogn og Fjordane i aksjon:
Nordhordland - Høyang
Vik - Flørø
Fjøra - Jølster
Eid - Tornado Måløy
Årdal - Stryn
Kampane må vere spelt innan 11. april.