Hege Leirfjell trekkjer seg som visepresident om Sondre Kåfjord blir fotballpresident.
Neste helg skal det bestemmast om det er Yngve Hallén eller Sondre Kåfjord som skal vere norsk fotballs øvste sjef dei to neste åra. Kåfjord sit med vervet no, men valkomiteen har innstilt Hallén som ny president. Likevel stiller Kåfjord som motkandidat på forbundstinget.
Trekkjer kandidaturet
Det har skapt blanda reaksjonar i den norske fotballfamilien. Hege Leirfall frå Bodø er innstilt som 1. nestleiar. Men om Kåfjord skulle vinne valet på bekostning av Hallén, vil ho trekkje sitt kandidatur.
- Eg har sagt ja til å stille under Yngve Hallén som president. Eg sa ja til valkomiteen ut frå at dette er eit lag som eg trur best kan leie norsk fotball dei to neste åra, seier Leirfall til Avisa Nordland.
- Treng skifte
Ho meiner at Sondre Kåfjord har gjort mykje bra for norsk fotball, men at det no er på tide med eit skifte.
- Sondre Kåfjord har gjort mykje bra for norsk fotball dei 11-12 årene han har vore med i fotballforbundet. Men det kan vere greitt med eit skifte no.
Kåfjord favoritt
Bettingselskapa har begynt å setje odds på kven som vinn presidentvalet. Betsson held Kåfjord som favoritt med 1.8 i odds, medan Hallén får 1.9.
Problem transforming sheet: jar:file:/var/jetty/componada/Jetty_0_0_0_0_9002_componada.webapp.war__componada.webapp__.bdff6g/webapp/WEB-INF/lib/componada-xslt-1.178.jar!/xslt/component_xhtml2html.xsl root cause: org.xml.sax.SAXParseException: A DOCTYPE is not allowed in content.
, group
X-Trace-App: [componada ; dold.api.kunder.linpro.no ; Sun Feb 12 20:10:35 CET 2012]
X-Trace-App: [corredor ; blanken.api.kunder.linpro.no ; Sun Feb 12 20:10:35 CET 2012]