Har 0-13 på tre kampar
2. divisjonslaget Førde har hatt ein tøff treningsvinter og først den siste veka har laget endeleg fått gjennomført ordinære treningar på kunstgras. Men på dei tre første treningskampane i 2010 har mannskapet til Knut Erik Folland enda ikkje scora mål. Først vart det 0-2 mot Sogndal, laget følgde deretter opp med 0-4-tap mot 1. divisjonsklubben LøvHam, før det laurdag ettermiddag vart heile 0-7 mot 2. divisjonsklubben Hødd.
Fortent
- Og 0-7 var ikkje eit mål for lite. Hødd var langt betre enn oss, og vi var langt under pari. Så dette var ein skikkeleg kalddusj for spelarane, og som eg håpar vil medføre at dei vaknar opp. No har vi fått tre kampar mot lag som er forventa å vere betre enn oss. No veit vi kva nivå dei ligg på, seier Folland og håpar at dei komande treningskampane mot Stryn og Tornado Måløy skal gje spelarane meir positive opplevingar.
- Dessutan ser det ut til at skadesituasjonen vil betre seg. Steinar Tenden, Øystein Vetti, Are Gunnar Korsvoll, Ole Henrik Gulliksen og Eirik Fraas stod alle over mot Hødd. Men fleire av desse kan vere klar til kampen mot Stryn laurdag 6. mars.
Stor Sandal
Tidlegare Skavøypoll-spelar Erik Sandal vart kampens store profil med fire mål for Hødd.
- Eg veit Førde har hatt vanskelege treningstilhøve, medan vi i Ulsteinvik har både hall og utandørs kunstgrasbane. Og vi har kome lenger enn dei i sesongførebuingane. Vi har som mål å sikre oss opprykk til 1. divisjon, og spelar godt for dagen. Og eg trur Førde heilt sikkert vil komme sterkare tilbake, seier Erik Sandal.
FAKTA
Treningskamp
Hødd-Førde 7-0 (2-0)
Eid idrettspark
Mål:
1-0 Magnus Mar Ludviksson
2-0 Erik Sandal
3-0 Erik Sandal
4-0 Erik Sandal
5-0 Oddbjørn Lie
6-0 Erik Sandal
7-0 Joachim Magnussen
Førde: Vegard Skjeldestad, Kim Tangedal (Tor Are Dvergsdal i 45. min), Elmar Dan Sightorsson, Terje Sørbø, Eirik Flatjord (Jan Inge Dvergsdal i 70. min), Ruben Holseter, Thor-Jørgen Spurkeland (Roger Kandal i 77. min), Gisle Isene, Bernt Norevik (Christer Husa i 60. min), Sander Solvik, Thor Erik Nygård
Problem transforming sheet: jar:file:/var/jetty/componada/Jetty_0_0_0_0_9002_componada.webapp.war__componada.webapp__.bdff6g/webapp/WEB-INF/lib/componada-xslt-1.178.jar!/xslt/component_xhtml2html.xsl root cause: org.xml.sax.SAXParseException: A DOCTYPE is not allowed in content.
, group
X-Trace-App: [componada ; akut.api.kunder.linpro.no ; Sun Feb 12 20:11:18 CET 2012]
X-Trace-App: [corredor ; grundtal.api.kunder.linpro.no ; Sun Feb 12 20:11:18 CET 2012]