Opprykksdraumen brast

..no må Sogndal ut i kvalik mot Kongsvinger.

Publisert 01.11.2009 kl 16:28 Oppdatert 01.11.2009 kl 20:00

Tips ein venn på e-post:

...
SKUFFA: Karl Oskar Emberland og Ole Hjelmhaug var tydeleg skuffa over 0-0 mot Hønefoss. Foto: Stig Roger Eide

Sjå kven som heia på Sogndal

...

Det var høg kjendisfaktor på AKA-stadion då Sogndal møtte Hønefoss søndag.

Omtalte lag og spillere


– Klubben fortente dette, og byen fortente dette. Fantastisk for heile Hnefoss. Alle står bak opprykket og alle kan vere stolte av seg sjølve, sa Ole Bjørn Sundgot til Firda etter ha motteke hyllest frå eit rekordstort heimepublikum.

Kontrasten var stor på AKA-stadion. Medan Sogndal måtte reise heim med lite anna enn ei reiserute til Kongsvinger, kunne Hønefoss sleppe jubelen laus. Då Ole Bjørn Sundgot tok over kvittrøyene i 2008 var det svært låge forventningar til han og laget. I dag kunne heimelaget feire med allsong, dans og julebrygg.

– Betre enn Sogndal

– Det med opprykk begynte vi ikkje tenke på før i haust, då vi vann ein del kampar etter sommarpausen. Vi visste at det ville bli ein tøff kamp mot Sogndal i dag, og slik vart det. Det var ein god taktisk kamp av oss. Sogndal måtte vinne, dei opna seg opp, og vi fekk ein del sjansar. Sjølv om det vart mållaust føler eg at vi var betre enn Sogndal og nærast sigeren, oppsummerte Sundgot.

Emberland skuffa

I Sogndal-garderoben var stemninga desto tyngre.

– No er spelarane skikkeleg skuffa, men vi må omstille oss på måndag, seier trenar Karl Oskar Emberland som alt på fredag skal ut i ny cupfinale mot Kongsvinger.

– Det blir ein heilt anna kamp enn denne. Men no blir vegen til Tippeligaen lengre, seier han skuffa.

fredag

06

november

Kongsvinger - Sogndal 3 - 1

Kvalifisering til Tippeligaen 2009 - fredag 6. november kl 18:00, Gjemselund Stadion

Les fullstendig kampreferat

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.