Kaptein Rune Bolseth beskriv den svake laginnsatsen mot Haugesund tysdag.
Med siger ville det ha vore seks poeng ned til tredjeplass, men etter 2-3 tapet mot Haugesund tysdag kveld er det plutseleg no like mange poeng ned til sjetteplassen - som ikkje gir sjansen til kvalifisering.
– Vi er jo ikkje dumme heller. Vi kan seie mykje viss, om, og men. Men vi må tole å spele slike kampar som dette om vi skal vere gode nok til opprykk, seier kaptein Rune Bolseth som meiner bortelaget var langt meir piggare i beina enn vertene.
Svakt I
Heller ikkje glopparen greidde å ta tak i kampen, og saman med lagkameratane vart dei til tider overkøyrd av Haugesund på si eiga heimbane.
– Det ser jo alle. Dette er den desidert verste kampen i år, sukkar han - tydeleg skuffa.
Laber stemning
For på dei siste tre kampane har Sogndal rota bort åtte av ni poeng. Det held ikkje for eit topplag som har ambisjonar om opprykk til Tippeligaen.
– Skulle tru vi låg på nedrykk, seier Bolseth om stemninga i laget etter kampen.
No ventar ein tøff bortekamp mot Ham Kam i neste serierunde.
tirsdag
11
august
Sogndal - Haugesund 2 - 3
1. divisjon 2009 - tirsdag 11. august kl 19:35, Fosshaugane Campus
Les kampreferat