Bengt Solheim-Olsen stal showet i legendekampen mellom Norge og England.
Det samansette "landslaget" av avdanka stjerner frå Norge slo laurdag eit tilsvarande lag med engelske stjerner 4-2 under FotballFlora på Florø stadion.
Scora på heil volley
Og det var ein gammal lokal helt som markerte seg sterkast: På om lag 20 meter dempa Bengt Solheim-Olsen ballen og klinka den på heil volley i det lengste krysset.
Etter kampen var den gamle FSK-spissen eit einaste stort glis.
– Dette har vore ein kjekk dag, seier Solheim-Olsen.
Overskugga stjernene
Rundt han står internasjonale stjerner som Neville Southall, Steve Staunton, Viv Anderson og Ray Parlour.
For Norge spelte gamle storheiter som Terje Kojedal, Arne Erlandsen og Vidar Davidsen.
Men perlescoringa overskugga dei alle.
– Det kan verke som om du har trent litt i det siste...
– Hehe. Nei, ein kan ikkje trene på slikt, ler Solheim-Olsen.
- Kva med comeback for Florø - dei kan gjerne trenge det?
- Nei, det er ikkje aktuelt flirer den tidlegare toppscoraren.
Under 1000 tilskodarar
Scoringa fekk speaker Per Øvind Helle til å finne fram superlativa:
– Eg har sett mange kampar på Florø stadion. Men det målet overgår alt, humrar mannen bak FotballFlora.
Tufte-kampen og legendekampen samla i år i underkant av 1000 tilskodarar på Florø stadion.
Problem transforming sheet: jar:file:/var/jetty/componada/Jetty_0_0_0_0_9002_componada.webapp.war__componada.webapp__.bdff6g/webapp/WEB-INF/lib/componada-xslt-1.210.jar!/xslt/component_xhtml2html.xsl root cause: org.xml.sax.SAXParseException: A DOCTYPE is not allowed in content.
, group
X-Trace-App: [componada ; knata.api.kunder.linpro.no ; Thu May 24 06:40:36 CEST 2012]
X-Trace-App: [corredor ; blanken.api.kunder.linpro.no ; Thu May 24 06:40:36 CEST 2012]