...
JUBEL: Ulrik Flo vart den store helten etter si scoring på overtid. Her saman med Vallter Laaksonen, Lars Grorud og Barry Kader. Foto: Stig Roger Eide

– Vi fekk ein på trynet

Sogndal utlikna på overtid mot Hønefoss tysdag kveld.

Stig Roger Eide
Stig Roger Eide Profil E-post
Asgeir Årdal
Asgeir Årdal Profil E-post
Publisert 07.04.2009 kl 22:02 Oppdatert 08.04.2009 kl 00:24

Tips ein venn på e-post:

Sogndal - Hønefoss i bilete

...

Sjå bileta frå første seriekamp på Fosshaugane.

Sjå bilete

Omtalte lag og spillere


Alt etter tre minutt av serieopninga mot Hønefoss fekk heimelaget seg ein skikkeleg kaldusj i regnvèret på Fosshaugane. Kamal Saaliti sende bortelaget i føringa.

– Vi fekk ein på trynet, og det var ikkje dette vi hadde drøymt om på førehand. Eg hadde håpa vi skulle stå fram med større tryggleik enn det vi gjorde den første halvtimen, seier Sogndal-trenar Karl Oskar Emberland like etter kampen.

0-2 til pause

For alt etter 16 minutt stod det 0-2. Dette var også stillinga til pause.

– Kva sa du til spelarane i pausen?

– Det var ingen tordentale. Men det gjekk på ære og stolheit. Eg måtte sei at no var alvoret igang og at det ikkje kunne gå verre enn i den første omgangen.

Og spelarane retta på det svake intrykket. Reduseringa kom etter 72 minutt med Ahyee Aye Elvis.

– Eg føler vi køyrer kampen i heile andre omgang, spesielt etter utvisninga, seier Emberland.

Flo avgjorde

Fem minutt før slutt tok han ut Lukaz Nadolski og sette inn Ulrik Flo.

– Eg er nøgd med dei innbyta eg gjorde, smiler han etter at han kunne sjå at unge Flo stanga inn 2-2 på overtid.

Og målscoraren sjølv var strålande glad etter kampen.

– Dette var fantastisk. Eg hadde eit mål for auge då eg kom inn - og det var å score mål.

– Og det greidde eg, legg han nøgd til.

Før kampen måtte Even Hovland til Førde med brot i foten. Les kva trenar Karl Oskar Emberland meiner om skaden til Hovland her.

Neste kamp for Sogndal er mot Mjøndalen 13.april.

An exception has occurred:

Unhandled Exception (500:class javax.el.PropertyNotFoundException)

The class 'no.api.corredor.football.beans.Event' does not have the property 'personId'.

ocurred while accessing:/componada/component/show-esi/normal/football/magic/www.firda.no/51/4252117/2009-04-08T00:24:25Z(servlet: componada)

javax.el.BeanELResolver.getBeanProperty(BeanELResolver.java:579)
javax.el.BeanELResolver.getValue(BeanELResolver.java:281)
javax.el.CompositeELResolver.getValue(CompositeELResolver.java:175)
com.sun.el.parser.AstValue.getValue(AstValue.java:138)
com.sun.el.parser.AstEmpty.getValue(AstEmpty.java:62)

Mest lese no

...

Stor leiteaksjon i Sognefjorden

Nyhende Mann i 20-åra fall over bord i går. Meld sakna i dag Les meir

...

Kven eig bilen?

Motor – Den dukka opp i løpet av natta, seier Firda.no–tipsar Les meir

...

Kjerringræva i hagen

Eigedom Nå er ei ny kjerringræv, som Kåre Larsen kaller henne, på plass i hagen langs E39 på Gjemnesstranda utenfor Kristiansund.

Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.