Aalesund trekte det lengste strået i cupkampen mot Førde måndag kveld.
Sunnfjordingane heldt tippeligamotstandarane til 0-0 til det stod att eit minutt av den første omgangen.
Berre nesten
- Vi er lenge med i kampen. Men for all del, dei er eit godt lag. Det merka vi jo, seier midtstoppar Roger Kandal.
På stillinga 0-1 ti minutt før slutt drog Sander Solvik seg fri, og klinka til. Skotet gjekk rett på keeper.
- Tenk om Sander hadde scora då han var åleine med keeper, seier Steinar Tenden.
Imponert
Likevel er han imponert over laget, og meiner dei følgde taktikken på førehand.
- Det er ikkje så stor forskjell. Dei er berre litt betre enn oss på alle område.
Sjå korleis kampen utvikla seg her.
Sogndal trygt vidare
I Måløy tok Tornado Måløy imot Adeccoligalaget frå Sogndal.
Men det tok tid før sogningane fekk hôl på byllen. Stillinga til pause var 0-0.
I andre omgang fann derimot både Lennox Kanu, Per Egil Flo (straffe) og Barry Kader vegen til nettmaskene. Dermed enda kampen 0-3.
mandag
12
mai