...
Tarjei Bø må droppe NM til helga. Foto: Asgeir Årdal

– Kroppen lystrar ikkje

Tung periode for Tarjei Bø- no må han også droppe NM

Astrid Iren Solheim
Astrid Iren Solheim Profil E-post
Publisert 14.09.2012 kl 10:56 Oppdatert 14.09.2012 kl 11:11

Tips ein venn på e-post:



Tarjei Bø må melde pass framfor NM i rulleskiskyting i Holmenkollen til helga. Han er i selskap med Emil Hegle Svendsen og Rune Brattsveen.

Kroppen lystrar ikkje

– Eg er framleis i lett trening, men kroppen lystrar ikkje heilt i høve til å gjennomføre hardtrening. Dermed blir det sjølvsagt dumt å stille til start i tøffe NM-konkurransar denne helgen, seier Tarjei Bø i ei pressemelding frå skiskytterforbundet som Bergens Tidende omtalar i dag.

Nordfjordingen hadde også trøbbel i fjor og i sommar sleit han med treninga.

- Må vere forsiktig

– Det medisinske apparat vårt har anbefalt ham å droppe helgas NM, seier idrettssjef Per Arne Botnan til Sunnmørsposten og fortel at Bø enno ikkje er heilt frisk.

– Så han må vere forsiktig. Vi vil ikkje at han skal risikere noko tilbakefall. Eg snakka med Tarjei for eit par veker sidan, og det er ikkje grunn til bekymring, seier han.

Veslebror NM- klar

Medan Tarjei må droppe NM, skal veslebror Johannes Thingnes Bø vere med.

19- åringen er medlem av verdscuplaget for sesongen 2012/2013 og blei trippel verdsmeister i vinter.

– Johannes er offensiv på treningsøktene saman med resten av laget. Og viser seg å vere på nivå med de andre gutane på mange økter. Men han er også smart nok til å sleppe seg ned eit par hakk når han kjenner behov for det, seier Per Arne Botnan.

På framsida no


...

Ein time med kø før ferja

Vi oppdaterer deg på påsketrafikken. Er du ute på vegen? Send oss bilde eller rapport frå der du er.