Stem og ver med i konkurransen om billettar til cupfinalen.
Neste helg er det duka for avspark i Tippeligaen 2012.
I dagane før avspark har vi ein konkurranse der vi har to billettar til cupfinalen som premiar.
For å delta i konkurransen må du vere med å stemme på den augneblinken du hugsar best frå Sogndal sine kampar i 2011.
Avstemminga skjer på SMS, og kvar stemme kostar 3 kroner.
Vi har plukka ut fire episodar som du kan velje mellom:
1. Corner rett i mål
I kampen mellom Sogndal og Brann på Fosshaugane 25. september sette Ørjan
Hopen ein corner rett i mål.
Sjå video: 1. Corner rett i mål
For å stemme: Skriv Fivinn 1 og send meldinga til 2005.
2. Hjartestans på Fosshaugane
I kampen mellom Sogndal og Brann på Fosshaugane 25. september fekk
Brann-spelaren Carl Erik Dahl Torp hjartestans. Spelarane på begge lag fekk
eit heilt anna fokus enn å vinne kampen.
Sjå video: 2. Hjartestans på Fosshaugane
For å stemme: Skriv Fivinn 2 og send meldinga til 2005.
3. Flo med to
Tore Andrè Flo gjorde comeback for Sogndal i 2011. I kampen mot serievinnar
Molde på Fosshaugane 27. november scora han to gonger.
Sjå video: 3. Flo med to
For å stemme: Skriv Fivinn 3 og send meldinga til 2005.
4. Mål frå eigen banehalvdel
I kampen mellom Sogndal og Lillestrøm på Fosshaugane 19. mai får Ole Jørgen
Halvorsen ballen på eigen banehalvdel. Han set fart og like før 16-meteren
til Lillestrøm dundrar han ballen i mål.
Sjå video: 4. Mål frå eigen banehalvdel
For å stemme: Skriv Fivinn 4 og send meldinga til 2005.