Om du skal sikra deg plass i Skåla Opp neste år må du vere rask. Interessa er enorm.
Skåla Opp er i ferd med å få kultstatus. I helga vart det opna opp for påmelding til løpet 18. august 2012, og etter ein dag hadde over 200 meldt seg på.
– Det er ein enorm pågang. I 2010 var det fullteikna i juli, i 2011 var det fult i mars månad. Og held dette fram på denne måten er vi fullbooka til nyttår, seier Erik Brendefur som er løpsleiar for landets mest spektakulære motbakkeløp.
2500 opp
Under årets løp vart det registrert 1760 deltakarar på toppen av det 1848 meter høge fjellet, og med tanke på at det då berre var 627 konkurranseløparar, så ser Brendefur at potensial til auka vekst i lang tid.
Vi veit at det var nærare 2500 personar oppe i Skåla denne dagen. Målet må vere å få registrert så mange som mogleg av desse, seier løpsleiaren.
800 i konkurranse
Til neste års konkurranse, er det frå Fylkesmannen opna opp for at 800 konkurranseløparar skal få stille til start.
Men ut frå interessa i påmeldinga er nok dette i det minste laget. Så viss du skal vere sikra plass i konkurranseklassa i Skåla Opp i 2012, må du ikkje vente for lenge med å melde deg på, seier Brendefur.
Skåla Opp 2010 er fastsett til laurdag 18. august.