«Peppi», «Gulli» og «Simmi» er nye jenter i garderoben til handballsjef «Krissi».
Denne sesongen vil kallenamna «Peppi», «Gulli» og «Simmi» ventelege runge i Førdehuset. Dette er namna på dei tre Førde-spelarane Petya Pencheva, Ghiuler Osman og Simona Balcan. To rumenske og ei bulgarsk jente skal nemleg styrkje 3. divisjonslaget til trenar Kristjan «Krissi» Adalsteinsson denne sesongen.
Og allereie førstkomande søndag skal dei vise seg fram for heimepublikum når Førde møter 2. divisjonsklubben Volda i 1. runde i NM-cupen.
Etter opprykket frå i fjor, har heile sju spelarar reist frå Førde.
– Det var litt av utfordringa vi stod overfor etter sesongslutt. Vi kunne anten prøve oss i 3. divisjon med overvekt av jentespelarar, eller vi kunne prøve å supplere stallen med spelarar som hadde rutine frå høgare nivå, seier sportsleg leiar i Førde il Handball Odd Erik Gullaksen.
Og løysinga fann klubben gjennom sitt nettverk.
– Vi kom raskt over desse spelarane, og dei hadde alle tre veldig lyst til å prøve seg i Førde. Dei har glidd veldig godt inn i miljøet, og skal også vere med i trenarkabalen rundt aldersbestemte lag, seier Gullaksen og ser at alle tre også har fått seg sivilt arbeid.
– Dette er spelarar som kombinerer jobb med å spele handball her i Førde. Dei har lang fartstid på høgt nivå i Romania og Bulgaria, og tilfører våre urutinerte spelarar allereie mykje på kvar trening, seier Gullaksen og håpar trioen skal erstatte det dei har mista frå i fjor.
– Vi spelte to treningskampar i Bergen sist helg. Då fekk vi eit stort tap mot Fana, men vi slo 2. divisjonsklubben Os. Ikkje minst grunna godt spel av desse nye spelarane. Og poenget er at dei også løftar kvaliteten på våre eigne spelarar, seier Gullaksen.
Samferdsle Ny «miljøferje» skal ta ein tredel av trafikken på Lavik-Oppedal dei neste ti åra. Les meir