Nye rekordar i tidenes største.
Laurdagens "Skåla Opp" er det største nokosinne. Tidlegare deltakarrekord er kraftig slegen, men det endeleg talet er ikkje kjent då det stadig kjem løparar til topps på det 1848 meter høge fjellet i Nordfjord.
Sletta rekord
Dei store utbetringane av stigen i samband med Statens Naturoppsyn sitt
prosjekt "Skålasti-prosjektet" har gjort at det var forventa
ny løyperekord under dei gode tilhøve laurdag. Og seks ginger verdsmeister i
motbakkløping, Jonathan Wyatt frå New Zealand, svarte til forventningane, og
passerte målstreken ni sekund betre enn tida Jon Tvedt hadde i 2007. Bak
Wyatt følgde John Sombol frå Kenya og David Schneider frå Sveits. Beste
norske løpar vart veteranen Kristen Skjeldal på tida 1,15,16.
Vart slegen
I kvinneklassa var det også forventa ny rekord av Anita Håkenstad Evertsen,
men i staden måtte Norges mest profilerte kvinnelege løpar sjå seg slegen av
både Antonella Confortola frå Italia og ungjenta Heidi Weng frå BUL. Men
ingen av desse makta å tukte den tidlegare rekordnoteringa til Evertsen.