Lars Fredrik Tvinde og Jonas Kvalen er vidare i sandvolleyball-EM for juniorar i Portugal. Dei to gjekk vidare som beste gruppetrear.
Lars Fredrik Tvinde og Jonas Kvalen er vidare i sandvolleyball-EM for juniorar i Portugal. Dei to gjekk vidare som beste gruppetrear. Foto: Jørn Kvalen

Tvinde klar for 8-delsfinale

Lars Fredrik Tvinde og Jonas Kvalen har teke seg vidare i U19-VM i Portugal.

Idar Stadheim
Publisert 31.07.2010 kl 13:01 Oppdatert 31.07.2010 kl 13:05

Tips ein venn på e-post:


Tvinde og Kvalen avanserte i sandvolleyball-VM i Porto som beste gruppetrear etter fullført gruppespel.

Ein sterk 2-0 siger mot det sveitsiske laget Gerson/Kissling i opningskampen var avgjerande for vidare spel i turneringa.

- Den kampen hadde vi kontroll på. Mottak og angrep sat som eit skot, og vi tok poeng heile vegen. Det var berre å halde nervane i ro, seier Tvinde.

Tapte dei to neste
Dei to neste kampane i gruppespelet tapte dei 2-0 både for Polen 2 og Tyskland, men duoen klarde likevel å komme vidare til 8-delsfinalen.

- Vi er vidare som beste gruppetrear, fortel Tvinde.

No skal dei spele mot Russland klokka 14.00 norsk tid.

- Dette er førstelaget til Russland, og dei kom til finalen i sluttspelet i fjor. Dei er eit svært godt lag, men vi skal trø til og sjå kva det blir, seier Tvinde.

Mål om 5. plass
På førehand hadde sandvolleyballduoen sete seg ut ein 5. plass som målsetnad.

- Det er kjekt å komme vidare frå gruppespelet, og vi er med og kjempar vidare. Eg er nøgd med erfaringa eg har fått, og eg veks på kvar kamp vi spelar, seier Tvinde.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.