Løparar frå Hordaland var best i Eggenipa Opp.
Joel Dyrhovden frå Samnanger var beste løpar under Eggenipa Opp søndag. Han var 25 sekund føre Sindre Hoff frå Viksdalen.
– Det var eit hardt løp, men eg trudde undervegs at eg kom til å ta att Dyrhovden. Men han vart for tøff, konkluderer sunnfjordingen og får skryt av vinnaren.
– Eg såg du tok innpå og frykta deg på slutten, seier han.
Men Dyrhovden heldt unna og kunne juble for 5000 kroner i førstepremie.
I kvinneklassa vart det favorittsiger til May Britt Buer frå Harding. Ho sette ny løyperekord på sterke 58,23 og var 58 sekund føre Merete Helgheim frå GFIL.
Totalt stilte 36 løparar i konkurranse, medan 54 deltakarar registrerte seg i mosjonsklassa.