John Mnangat Sompol vann Storehesten Opp laurdag.
John Sompol var beste løpar til toppen av Storehesten laurdag. Han vann løpet suverent på 1.06.02, men greidde ikkje å slå sin eigen løyperekord frå i fjor på 1.04.24. Beste lokale løpar vart Sindre Hoff frå Gaular på femteplass.
Kvinneklassa vart vunne av May Britt Buer frå Gular.
Totalt var det 1247 registrerte deltakarar som deltok i årets Storehesten Opp i Bygstad.