Både born, ungdom og vaksne var med. Sjå biletseriar, video og resultatliste.
- Vi synes fotball er kjekkast. Men jammen var stafett kult også, seier kompisane Håkon Berg Nordeide og Jesper Uhre Hammersvik etter barneløpet i Helse Førde-stafetten.
Med dette løpstilbodet til dei yngste, har stafetten blitt meir attraktiv, og har fått eit tydleg løft i popularitet.
- Det var ei flott løype, men eg fall på grusen. Men det gjorde ingenting, sjølv om Håkon då sprang frå meg, seier 9-åringen Jesper.
Broren vann
Den eldre broren til Jesper, Vetle Uhre Hammersvik, hadde beste tid på barneløpet, men bak han kom løparane som perler på ei snor.
Og heilt mot slutten kom toåringen Sigve Nes Råheim i herleg driv over målstreken, før han plutseleg brast ut i gråt.
- Mamma, mamma. Eg har sprunge frå deg!
Men med rask gjenforening med mamma forsvann tårene, og fram kom smilet hos Sigve. Noko som også prega dei vel 100 løparane som stilte i barneløpet.
Meir alvor
Og etter barneløpet var det klart for dei meir vaksne og meir alvorlege utøvarane. Fleire hadde henta fram att joggeskoa som hadde vore i skoskåpet sidan i fjor, og vi merka tendensar til 50-årsstrekk på fleire av løparane.
Men ambisjonsnivå vart skrudd ned etterkvart som løpet utvikla seg, og dei fleste forstod at det var umogleg å hamle opp med langrennsløparane i stafetten.
Førde il Langrenn vann til slutt stafetten etter ein hard duell med Øygardane.
Sistnemnte lag består av følgjande: Frida, Eivind, Karianne, Geir, Knut Olav og Kjell, alle med det til felles at dei heiter Øygard.
På det sigrande laget til Førde il Langrenn sprang følgjande: Odd Anders Grimsbø, Torstein Bu, Aurora Øvretveit, Karoline Kyte, Marius Øyre Vedvik og Håvard Gjelsvik. Team Hegrenes vart nummer tre.