...
Sogndal-keeper Piotr Leciejevski måtte hente ein ball ut av nettmaskene fredag. Foto: Stig Roger Eide

Nytt tap i Spania

Andre tapet på rad

Stig Roger Eide
Stig Roger Eide Profil E-post
Publisert 12.03.2010 kl 19:57 Oppdatert 12.03.2010 kl 20:00

Tips ein venn på e-post:


Etter ei scoring av Mattias Anderson rett før pause, måtte Sogndal-trenar Harald Aabrekk sjå at klubben gjekk på sitt andre strake tap på spansk jord. På tysdag vart det 1–2-tap mot Sarpsborg, og heller ikkje mot nabobyen Fredrikstad vart det siger for Sogndal.

Mot Førde

Med oppgjeret mot Fredrikstad er også opphaldet i Spania over for Sogndal sin del. Medan laget tidlegare år har hatt 14 dagar på fotballforbundet sitt anlegg i Spania, har klubben i år grunna trong økonomi berre sett av ei veke.

Dermed kjem spelarane tilbake til Norge i helga, og allereie førstkomande fredag skal Sogndal ut i ny treningskamp. Denne gongen mot 2.-divisjonsklubben Førde, og denne kampen vert spelt på kunstgras i Sognahallen. Etter den treningskampen har Sogndal berre ein sparringpartnar til før serieopninga mot Ranheim 5. april. Det er mot LøvHam laurdag 27. mars.

Tung vinter

Sogndal har spelt heile ti treningskampar sidan nyttår, og nyetrenar Harald Aabrekk må konstatere at med berre to sigrar mot 2.-divisjonsklubbane Skarbøvik og Førde, så har ikkje treningskampane resultatmessig bygd så mykje sjølvtillit. Og spesielt urovekkjande var nok 1–4 mot Nybergsund i Sognahallen.

Dette er Sogndal sine resultat i treningskampane hittil:

Sogndal–Førde 2–0

Haugesund–Sogndal 1–1

Sogndal–Nybergsund 1–4

Aalesund–Sogndal 2–1

Årdal–Sogndal 3–2

Sogndal–Skarbøvik 6–0

Odd Grenland–Sogndal 1–0

Lyn–Sogndal 2–2

Sarpsborg–Sogndal 2–1

Fredrikstad–Sogndal 1–0

Fakta

FREDRIKSTAD–SOGNDAL 1–0 (1–0)

Treningskamp

La Manga, Spania

Mål:

1–0 38 min Mattias Andersson

Fredrikstad: Lasse Staw, Wallace Fernando Pereira, Raio Piiroja, Vidar Martinsen, Jonas Becken, Simen Rafn, Han Erik Ramberg, Celso Borges, Amin Askar, Andreas Tegstrøm, Mattias Andersson

Sogndal: Piotr Leciejewski, Mats Solheim, Even Hovland, Lars Grorud, Per Egil Flo, Barry Kader, Ahyee Aye Elvis, Henrik Furebotn, Ole Jørgen Halvorsen, Espen Olsen, Ulrik Flo

Mest lese no

...

Stengde hotell på dagen

Nyhende Branntilsynet: – Sjeldan at vi krev stenging på dagen. Les meir

...

Sogndal tok sigeren

Fotball Spelte treningskamp mot Fyllingsdalen klokka 14.00. Les meir

...

Rektor melder politiet

Nyhende Meiner dei har brukt for lang tid i etterforskinga. Les meir

...

Trugar staten med rettssak

Nyhende 420 kV-linja kom som ei bombe på innbyggjarar. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.