Toppscoraren tek eitt år til i moderklubben
I førre veke signaliserte Sander Solvik at han ville spele for Fana. No har han ombestemt seg og held fram i moderklubben Førde.
– Eg kan stadfesta at spelargruppa i Førde torsdag kveld vart orientert om at Sander Solvik tek ein ny sesong for klubben, seier sportsleg leiar Odd H. Hagen.
Ombestemt seg
Det var i Firda sist torsdag at Sander Solvik fortalde at han i 2010-sesongen ville spele for Fana. Men no har kantspelaren etter samtaler med Førde ombestemt seg, og vil i staden ta ein ny sesong med moderklubben.
– Hans val om å skifte til Fana vart argumentert ut frå haldninga om at reisebelastninga ville bli for tøff for spelaren. Etter gjennomgang av situasjonen har vi funne ut at skilnaden mellom Fana og Førde når det gjeld reiser i 2. divisjon er svært liten, og Sander har difor bestemt seg for å ta ein ny sesong med Førde, seier Hagen og legg til:
– Dessutan hadde Sander Solvik eitt år igjen av kontrakten sin med Førde, og den eventuelle overgangen mellom Førde og Fana var ikkje diskutert på styrenivå, seier Odd H. Hagen og viser til at styret i Førde il Fotball har hatt samtalar med Sander Solvik og komme til semje om at han tek eitt år til i Førde.
Kontrakt eitt år til
Sander Solvik har kontrakt med Førde i ein sesong til, og seier at det var noko av grunnen til at Førde ikkje ville gje slepp på han no.
– Eg har full forståing for dette. Og det er klart at det ville vere uheldig for Førde å miste ein spelar berre ein månad før seriestart, seier Sander Solvik som saman med Gisle Isene vil halde fram med å trene med Fana medan dei to studerer i Bergen.